Numedalsnett
Torsdag 21. november   |     Du er her: Forsiden >
PrintDen nye akevitten, Hardangervidda
 
 
Folket rundt Hardangervidda er eit eige folkeferd. Gjennom generasjonar har dei bruka Vidda til beste for seg. Dei har veida rein sidan steinalderen, dei har fiska aure i fleire tusen år. Og dei har utnytta beiteressursar så lengje dei har hatt bufe

Pressemelding: Akevittklubben Fjellvitt v/skrivar Vilhelm Håvardsrud. Foto og formgjeving, Ingvar Moi

 
 
Dei brukar Vidda på same måte i dag, men med nye metodar og reidskapar. Vidda er framleis ein ressursbank for folket rundt.

Folket rundt Vidda kjende kvarandre. Dei møttes ved delesteinane, dei prata og dei kvilde saman. Gjerne var det spandert ein dram og, som skikk var i gamle dagar.

Hardangervidda akevitten er meint som ein hyllest til Vidda, til folket og til driftsmåtane. I fjellet er alle gjestfrie og dei vil gjerne ha ein dram å spandere. Og denne nye akevitten inneheld smakar frå fjellet, smakar du kan kjenne att du som har vore der oppe, du som har sett Hårteigen, hørt heiloen fløyte og bore tungt i mange timar.

Det er akevittklubben Fjellvitt som står bak akevitten Hardangervidda. Det er likevel to av dei mest aktive brukarane av Vidda i vår tid, rakfiskprodusentane Vilhelm Håvardsrud og Ola Hov som hadde idèen til denne nye drikken. Håvardsrud forvaltar ein familiearv og er fjerde generasjon fiskar. Ola Hov leiger Kilefisket i Bjornesfjorden av ei rekkje grunneigarar. Dei er begge i fjellet vekesvis kvart år og er soleis dei fremste arvtakarane av denne tradisjonen.

Fjellvittklubben tok idèen og har saman med «Det norske brenneri» utvikla denne særeigne akevitten. Fjellvittklubben var tidleg ute med sin populære akevitt, kalla «Fjellvitt» og det er i år 10 år sidan den vart lansert. Jubileet skal markerast på Fjellmatfestivalen i november.

Når det gjeld smaken av denne nye Hardangervidda akevitten så kan ein ane smaken av høgfjell gjennom einer, kvann og karve. I tillegg vil du kjenne smaken av vanilje, mynte, sitrus og søte appelsiner og eit innslag av mørk sjokolade.  Ein herleg kombinasjon som alt har fått mange lovord
 
 Med Hårteigen i bakgrunn
 
 Ola og Vilhelm
 
 Ola Hov, Kilen
 
 
 
Aktiviteter neste syv dager:

TittelDag / TidStedKommuneKategori
Vis flere aktiviteter Vis faste aktiviteter Registrer ny aktivitet
Dagens ordtak
Dødsannonser
(Fra Aftenposten-krever logg inn)

Nore og Uvdal
Rollag
Flesberg
Kongsberg





Bursdager i dag
Numedal
Hege Synnøve Haug, Rødberg (46)
Ole Petter Andersen, Rødberg (18)
Anne Lise Hovd, Rødberg (74)
Rune Pettersson, Veggli (60)
Magnus Toeneiet, Veggli (40)
Wenche Bjørnsrud, Flesberg (64)
Bjørnar Ruud Mojaren, Flesberg (40)
Ruth Strøm, Lampeland (60)
Bjarne Bakke, Flesberg (89)
marit knutsen, øygardskrend (64)
Siv Malin wetterhus, rØDBERG (34)
Fornavn:

Etternavn:

Fødselsdato (dd.mm.yyyy):

Postnr:

Poststed:

E-post:

Kongsberg
Vegard Franksson, Kongsberg (37)
Mia L Petersen, Kongsberg (30)
Daniel Skjelde, Kongsberg (35)
Ingrid Trøbakk, Kongsberg (37)
Ingrid M Ro, Kongsberg (8)
Andre eller uspesifisert bosted
Bjørn Erik Rydland (52)
Vegard Skipnes (39)
Gunn-Eva Baklid, Saggrenda (64)
Gerd Tove Hallingstad, Nesbyen (66)
Lokale portaler



Del bildene dine på Numedalsnett

Del informasjon i DIN LOKALAVIS !!

1. Send tekst på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
2. Bilder sendes på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
3. Skriv gjerne hvilken dag du ønsker at saken legges ut

Dette nettstedet eies og drives av Nnet.no AS.   Mobil 977 90 790
Postadresse: Nnet.no AS, Nore og Uvdal Næringspark, N-3632 Uvdal, NORWAY.
Ansvarlig redaktør:
Knut Morten Bjørnsrud
Redaktør: Knut Morten Bjørnsrud   Mobil 977 90 790    Epost: Redaktøren